Høner på garden
Problem
Løysing
Rett svar er 75 egg, svaralternativ A.
Kort forklaring:
Halvparten av hønene, det vil seie 5, legg egg kvar dag i 10 dagar: 5 · 10 = 50. Dei andre 5 hønene legg egg annankvar dag: 5 · 5 = 25. Til saman legg dei 10 hønene 50 + 25 = 75.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Oppgåva kan hjelpe elevar til å få kompetanse i å utforme eigne resonnement, både for å løyse problemet og for å argumentere for framgangsmåtar og løysingar. Dei må tolke ein skriftleg tekst, finne relevant informasjon og bruke denne informasjonen til å løyse oppgåva.
Mogleg tilnærming
Aktiviteten kan introduserast ved å vise biletet for alle elevane. Det kan gjere dei nysgjerrige dersom læraren seier noko om at dette var ei spennande utfordring! Legg verkeleg høner egg kvar dag? Kor mange høner måtte vi hatt i klassen vår for at alle skulle fått eitt egg kvar dag på skulen?
Be elevane om å tenkje individuelt over korleis dei kan begynne arbeidet. Deretter skal dei diskutere ideane sine med ein medelev. Diskuter til slutt i heile klassen. Sjå etter gode strategiar, som å dele opp problemet. Kor mange egg legg dei hønene som legg egg kvar dag, og kor mange egg legg dei hønene som legg egg annankvar dag? Eller kor mange egg legg alle hønene på ein eller to dagar? Oppmuntre alle til å arbeide mot slike strategiar og forklaringar.
Gode rettleiingsspørsmål
- Korleis kan de begynne, og kvifor?
- Kor mange egg legg kvar høne på 10 dagar?
- Kor mange egg legg hønene på 2 dagar?
- Korleis kan de halde god oversikt over det de har funne ut?
Mogleg utviding
På garden er det 5 høner i tillegg til dei 10 som er der frå før. Desse 5 legg egg kvar tredje dag. Kor mange egg legg dei 15 hønene til saman på 60 dagar? Kor mange dagar vil det ta før dei 15 hønene har lagt 1000 egg til saman?
Mogleg støtte
Sjå på svaralternativa. Er det nokre alternativ som du meiner er heilt uaktuelle? Kvifor?
Elevsvar
Elevar på 3. trinn ved Meldal barne- og ungdomsskule har sendt inn fleire løysingsforslag. Her viser ein elev at vi kan addere antalet egg som dei forskjellige hønene legg, og at dette kan gjerast meir effektivt ved å multiplisere:
Ein annan elev frå Meldal har teikna opp hønene og skrive kor mange egg dei legg. Deretter har eleven multiplisert dei like tala, og addert produkta til slutt:
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret