Læreplankoblet

Elsas eple

Problem

Elsas epler

Løysing

Rett svaralternativ er E.

På bordet er det til saman 1 + 2 + 3 + 4 + 5 + 6 + 7 + 8 + 9 + 10 = 55 eple.

Adam, Bosse, Clara og David fekk til saman 5 + 7 + 9 + 15 = 36 eple. Elsa fekk resten av epla: 55 – 36 = 19 eple.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva kan hjelpe elevar til å få betre kompetanse i å utforme eigne resonnement, både for å løyse problemet og for å argumentere for framgangsmåtar og løysingar. Det gir dei også høve til å øve på addisjon og subtraksjon.

Mogleg tilnærming

Aktiviteten kan introduserast ved at du viser biletet til alle elevane.

Be elevane tenkje individuelt over kvar dei kan begynne. La dei deretter diskutere ideane sine med ein medelev. Diskuter til slutt i heile klassen. Sjå etter gode strategiar som baserer seg på den totale mengda eple, og som ikkje fokuserer på å finne ut kva for to posar kvart av barna har teke. Oppmuntre alle til å arbeide mot slike forklaringar.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Korleis kan de begynne, og kvifor?
  • Kor mange eple er det i alle posane til saman?
  • Treng de å finne ut kor mange eple det var i dei to posane som kvar elev fekk?
  • Kor mange eple fekk dei fire andre barna til saman?
  • Korleis kan de halde god oversikt over det de har funne ut?

Mogleg utviding

  • Elevane kan lage eigne oppgåver der dei bruker konteksten med Elsa og epla, og så teste oppgåvene på ein medelev.
  • Korleis ville det bli dersom det var frå 6 til 15 eple i kvar pose og David fekk 25 eple? Finn ut kor mange eple dei andre barna kan ha fått. Lag nye svaralternativ der eitt av dei er svaret på kor mange eple Elsa fekk.

Mogleg støtte

Bruk rettleiingsspørsmåla.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

Denne ressursen er lisensiert under Navngivelse-IkkeKommersiell CC BY-NC CC BY-NC
8