Bord og stolar
Problem
Eg laga ein gong ein stol av små klossar som kan setjast saman. Den såg omtrent slik ut:
Kan du lage ein stol med slike klossar? Den treng ikkje å vere lik min.
Kan du lage eit bord som passar til stolen din?
Når du er ferdig med det, kan du prøve å lage ein stol til kvar av dei tre bjørnane på biletet nedanfor: ein stor, ein mellomstor og ein liten.
Starthjelp
- Hugs at ein stol må få plass til å stå under bordet, slik at ein liten liksomperson kan sitje der.
- Har du talt kor mange klossar du bruker til kvart stolbein? Kan det vere lurt å gjere det?
- Kva med å telje kor mange klossar du bruker i breidda for å lage stolsetet?
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Sjølv om denne oppgåva verkar ganske enkel, synest mange barn det er vanskeleg å skalere bordet til stolen. Å arbeide med ei slik oppgåve bidreg til å utvikle romforståing, og den legg også til rette for gode diskusjonar.
Mogleg tilnærming
Klosser som kan setjast saman, er nødvendig for å arbeide med denne oppgåva. Du kan byrje med å vise ein stol som du har laga med klossar, før du ber barna om å prøve å lage ein på eiga hand. Det kan vere lurt å lage ein enkel stol i starten, slik at du ikkje set standarden så høgt. Sett stolen din på ein stad der barna lett kan sjå han, slik at dei har noko å referere til i starten. Alternativt kan du skjule stolen din og sjå kva barna lagar på eiga hand.
Barna kan deretter arbeide saman i par eller små grupper når dei skal lage ein stol og eit bord som stolen skal passe under. Det legg godt til rette for diskusjonar om form og rom. På slutten av økta kan de samlast til felles diskusjon der barna får vise fram sitt eige handverk.
Gode rettleiingsspørsmål
- Kor mange klossar har du brukt i stolbeinet på den stolen?
- Kor mange klossar vil du bruke i setet på den stolen?
- Passar stolen din under bordet med nok plass til at ein liten liksomperson kan sitje der?
Mogleg utviding
Å lage tre stolar og tre bord kan vere utviding nok. Elevane kan også utfordrast til å teikne det dei har laga.
Mogleg støtte
Du kan oppmode dei som eventuelt strevar, til å lage fire like stolbein først, og lage setet og ryggen til slutt.
Ressursen er utviklet av NRICH