Korleis ser du det?
Aktivitet
Her er nokre små oppgåver. Du kan lage ei teikning eller eit reknestykke eller vise på andre måtar det oppgåva fortel om. Beskriv oppgåvene på ein eller fleire måtar, for eksempel med
- ord
- bilete
- tal
- brikker eller andre ting
- Thea hadde tre drops. Venninna Sara gav henne to til. Kor mange drops har Sara no?
- Kaia hadde 8 dokker. Ho gav 3 av dei til veslesyster si. Kor mange dokker har Kaia nå?
- Anders hadde bursdag, og han hadde fått 6 bursdagskort. Postmannen leverte endå fleire kort til Anders, og no har han 9 kort. Kor mange kort leverte postmannen til Anders?
- Simen hadde 8 ballongar. Nokre av dei sprakk, og han hadde 5 igjen. Kor mange hadde sprokke?
- Nokre barn gjekk i lag til skulen. Tre barn til slo følgje. No var dei 9 barn til saman. Kor mange gjekk i lag til å begynne med?
- Markus hadde nokre myntar i lomma. Dessverre mista han 7 av dei, og no har han berre 3 myntar. Kor mange var det før han mista myntar?
Starthjelp
Finn nokre legofigurar eller andre leiker og ting som kan brukast til å beskrive oppgåvene.
Løysing
1. Sara har 5 drops no.
2. Kaia har 5 dokker igjen.
3. Postmannen leverte 3 kort til Anders.
4. 3 ballongar har sprokke.
5. Det var 6 barn til å begynne med.
6. Markus hadde 10 myntar før han mista nokre.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Denne aktiviteten oppmuntrar elevane til å tenkje på forskjellige måtar når dei reknar.
Medan elevane gjer dette, kan du observere korleis dei vurderer problemstillingane. Tilnærmingane deira kan vere forskjellige frå det som er undervist. Når elevane får høve til det, vil mange bruke sine eigne måtar å arbeide på.
Mogleg tilnærming
Snakk til elevane om korleis ulike menneske kan gjere ting på forskjellige måtar, og forklar at denne aktiviteten handlar om nettopp dette. Det er viktig at dei ikkje går ut frå at det finst berre éin måte å sjå det på.
Å arbeide parvis eller i små grupper med éi oppgåve om gongen kan hjelpe elevane til å gå djupare inn i kvar oppgåve i staden for å skunde seg gjennom henne. Du kan føreslå at dei skal tenkje og snakke om det dei skal gjere, før dei faktisk begynner.
Elevane kan bestemme seg for å bruke konkret eller lage ei teikning og notere svaret. Eller dei kan skrive eit reknestykke horisontalt på arket. Observasjonane dine som lærar gjer at du kan reflektere over sjølvtillit, språk og forståing hos elevane, og kanskje kan du også identifisere misoppfatningar hos dei.
Dersom elevane ikkje klarer å lese oppgåvene sjølve, kan det vere eit alternativ å lese ei og ei oppgåve høgt for dei, og så la dei arbeide slik oppgåva skisserer. Dei må skjerpe konsentrasjonen når dei berre får oppgåva munnleg, så det er det lurt å gjere det innimellom. Dersom dei samarbeider i par, skal dei først å snakke saman og deretter bli einige om kva for opplysningar oppgåva eigentleg gav.
Gode rettleiingsspørsmål
- Korleis reknar du ut dette?
- Kva tenkjer du om måten NN gjer det på?
- Korleis visste du kva du skulle gjere først?
- Er måten du gjorde det på her, annleis enn det du vanlegvis gjer når du legg saman eller trekkjer frå?
Mogleg utviding
Be elevane lage rekneforteljingar som ein medelev kan arbeide med. Gi dei skriftlege addisjons- eller subtraksjonsoppgåver (f.eks. [ ] – 5 = 12 ), og utfordre dei til å lage høvelege rekneforteljingar.
Mogleg støtte
Somme elevar kan ha nytte av å arbeide med små leiker eller dokker, slik at dei kan spele situasjonen før dei reknar på problemet. For eksempel kan dei vise den siste oppgåva ved hjelp av legofigurar og brikker som representerer ballongane. Det å fysisk flytte på objekt på ulike måtar kan av og til vere til hjelp for meir usikre elevar for å forstå kva for ein operasjon det er snakk om.
Ressursen er utviklet av NRICH