Kva skjer?
Aktivitet
Vi startar med denne femkanten:
Vi legg til ein trekant:
Og endå ein:
Kva kan vere det neste som skjer, og kvifor? Kan du finne på noko liknande som vennene dine kan prøve seg på?
Starthjelp
-
Kva er forskjellen på den første og den andre figuren?
-
Kvar har den ekstra figuren vorte plassert?
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Oppgåva kan hjelpe elevane til å finne ut kva skjulte reglar som ligg bak eit bilete. Den gir dei også høve til å dele tankar og resonnering om korleis former varierer, og korleis dei følgjer reglar og mønster.
Mogleg tilnærming
Det kan vere lurt å klippe ut figurane på førehand, slik at grupper av elevar kan diskutere det dei legg merke til. Elevane kan prøve å lage dei formene dei trur vil følgje etter siste bilete. Ved å dele tankane sine rundt dette får dei høve til å bruke språket til å forklare det dei kjenner igjen som reglar og mønster som figuren er bygd opp etter.
Gode rettleiingsspørsmål
-
Fortell om figurane du trur kjem etter denne figuren.
-
Kvifor har du valt denne figuren?
-
Kvifor plasserer du denne figuren her?
-
Kan du beskrive ein regel som forklarer kva du gjer kvar gong?
Mogleg utviding
Elevane kan teikne og arbeide på same måte med andre symmetriske figurar.
Mogleg støtte
Nokre elevar kan trenge hjelp til å forklare kva dei tenkjer, så vel som å lytte til andre og tenkje over kva dei andre har sagt.
Ressursen er utviklet av NRICH