Læreplankoblet

Roterande mann

Aktivitet

 

Bruk det interaktive verktøyet over for å finne ut kor mange gonger du kan trykkje «Roter»-knappen for å få mannen til å sjå ut som han gjer på kvart av bileta nedanfor.

Tegnet mann med pil i hånden, rotert 90 grader mot høyre
Tegnet mann med pil i hånden, står opp/ned
Tegnet mann med pil i hånden, rotert 270 grader mot høyre
Tegnet mann med pil i hånden

Er det meir enn eitt rett svar kvar gong?

Om du ikkje vil bruke det interaktive verktøyet, kan du skrive ut denne kopioriginalen og klippe ut mannen.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva er tenkt som ei støtte til elevar som meistrar å rotere rundt sin eigen akse ein kvart, ein halv og tre kvart rundar, men som kan få problem når det same skal gjerast med todimensjonale figurar.

Mogleg tilnærming

Unge elevar treng ofte å øve på rotasjon i mange ulike situasjonar før dei kan overføre dei same prinsippa til geometrisk rotasjon. For å introdusere oppgåva kan du arbeide med elevane i eit stort areal, til dømes i ein gymsal eller utandørs, og be dei om å rotere rundt sin eigen akse etter ulike storleikar (kvart, halv osb.). Elevane kan synast det er vanskeleg med rotasjon, og denne oppgåva saman med det interaktive verktøyet gir dei erfaringar i ulike kontekstar.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva veg roterer mannen?

  • Kvar vil han vere etter ein, to, tre osb. rotasjonar?

Mogleg utviding

Oppgaven kan utvidast ved å be elevane føreseie korleis mannen vil sjå ut etter eit visst tal rotasjonar. Etterpå kan dei vurdere svara sine, anten ved å bruke det interaktive verktøyet, eller ved hjelp av figurane på denne kopioriginalen.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8