For eit samantreff!

Problem

 

Vi har to aritmetiske følgjer:

1998, 2005, 2012 … og
1996, 2005, 2014 …

Kva tal etter 2005 er det første som finst i begge følgjer?

  • Kan du lage eit dataprogram som finn dette talet?
  • Kan du utvide programmet slik at det finn fleire tal som er i begge følgjene?

 

Starthjelp

Kva er ei aritmetisk følgje?

  • Ei aritmetisk følgje er ei talfølgje der differansen mellom to ledd som følgjer etter kvarandre er konstant. T.d. 4  -  7  -  10  - 13.  Her er differansen mellom to etterfølgjande ledd 3.
  • Kva er differansen mellom to og to etterfølgjande ledd i følgja 1998, 2005, 2012, … ?
  • Og kva er differansen mellom to og to etterfølgjande ledd i følgja 1996, 2005, 2014, … ?

 

Løysing

Begge følgjene inneheld 2005, og den eine følgja aukar med 7 for kvart ledd, den andre med 9 for kvart ledd. Vi må finne eit ledd der auken frå 2005 er eit tal som både 7 og 9 går opp i.

Det minste heile talet som både 7 og 9 går opp i, er 63, så det neste leddet som vil finnast i begge talfølgjene er

2005 + 63 = 2068

 

Ressursen er utviklet av NRICH

9,10