Læreplankoblet

Kven er kven

Aktivitet

Vi kan representere ei gruppe venner ved å teikne ein type diagram.
Kvar sirkel representerer ein person.
Ei linje koplar saman to sirklar viss, og berre viss, dei to personane er venner.

Oppgåve 1

Nedanfor ser du eit diagram som representerer ei gruppe venner.
Kan du finne ut kven som er kven ved å bruke rettesnorene nedanfor?
 

Thumbnail
  • Allan har 3 venner, Børre, Charlie og Daniel.
  • Børre og Eddie er begge venner med Charlie.
  • Eddie er den einaste vennen til Frank.


Oppgåve 2

Her eit anna nettverk av venner.
Prøv igjen å bruke rettesnorene nedanfor til å finne ut kven som er kven.
 

Thumbnail
  • Bella og Caroline er venner.
  • Emilie og Caroline er ikkje venner.
  • Bella er den einaste vennen til Frida.
  • Anne har flest venner av alle saman.
  • Dina har tre venner.
  • Gina og Dina er ikkje venner.
  • Emilie har to venner.

 

Starthjelp

 

  • Nokre av opplysningane gjer at nokre personar kan plasserast berre på éin stad i diagrammet.

  • Nokre opplysningar må brukast i kombinasjon med andre.

  • Prøv deg fram og sjå! Viss det du prøver, endar med ein motsigelse, må du prøve noko annerdeles.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Dette er ei oppgåve der elevane må finne eigne løysingsstrategiar. Ved å høyre løysingane til andre og diskutere, kan dei også sjå at nokre strategiar er meir effektive enn andre.

Strategien i begge desse oppgåvene er å først finne sirklane som kvar enkelt kan høyre til i, og så prøve og feile ved å sjekke at alle opplysningane er oppfylte. Det er viktig å lese igjennom alle rettesnorene før ein byrjar å leite etter løysing.

Kopioriginal til oppgåva finst i menyen til venstre.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Er det nokon av rettesnorene som gjer det enkelt å plassere ein person?

  • Er det nokon av rettesnorene som er slik at ein person har berre nokre få moglege plasseringar? Kanskje må du prøve deg fram med ei av dei moglege plasseringane om gongen.

  • Har kvar oppgåve ei unik løysing?

  • Var det nokon rettesnorer du ikkje trong å bruke?

  • Viss du nummererer kvar sirkel med det talet venner personen har, og summerer alle tala, kva kan du seie om svaret? Kan du forklare kvifor?

  • Når du meiner du ha løyst oppgåva: Gå nøye igjennom rettesnorene og kontroller at alle krava er oppfylte!

  • Kan du lage eit liknande problem med fem venner, der nokon personar har meir enn to venner, med ei unik løysing?

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9