Læreplankoblet

Korttriks

Aktivitet

Gi ein komplett kortstokk til ein elev, og be han eller ho blande korta godt. Eleven skal gjere dette:

  • Hald kortstokken med biletsida ned, og legg eitt og eitt kort på bordet med biletsida opp til du har lagt halve bunken på bordet.
  • Så tek du opp alle dei 26 korta og legg dei under korta du held i handa.
  • Ta tre kort frå toppen av bunken og legg dei ned på bordet med biletsida opp, og legg til så mange kort slik at summen blir 10. Eksempel: Dersom du trekkjer ruter 3, ruter konge og kløver 8, må du leggje sju kort på ruter 3, og to kort på kløver 8. Konge, dame, knekt og 10 har alle verdien 10, så der treng du ikkje å leggje nokre kort. Alle korta skal leggjast med biletsida ned. Ess har verdien 1, så om det ligg eit ess på bordet, må du leggje 9 kort for å få summen 10.
  • Korta som ligg med biletsida opp, er ruter 3, ruter konge og kløver 8. Til saman blir det 3 + 10 + 8 = 21.
  • No snur du 21 kort frå toppen av bunken du held i handa.

Ettersom du no veit det 21. kortet, kan du stoppe like før du viser det, og seie kva det er. Korleis er det mogleg?

Starthjelp

Har du behov for å snu dei 26 korta i starten av trikset? Kvifor?

Kan du alltid vite svaret?

Løysing

Dette korttrikset har ingen ting å gjere med magi. Trikset vil alltid vere slik at når du begynner, vil kortet du skal vise på slutten, vere kort nr. 33.

Du legg alltid 3 kort bordet. Så skal du leggje til så mange kort at det blir 10 i kvar bunke. Summer tala på dei tre korta. Summen av dei tre korta og antalet kort som du la ned for å få 10 til sum, vil til saman vere 33. Dersom dei tre korta du legg ned, er tre ess, altså tre einarar, må du leggje til 9 kort i kvar bunke, som til saman er 27. Legg du til dei tre korta, får du 27 + 3 = 30. I tillegg skal du addere summen på dei tre korta, som er 1 + 1 + 1 = 3. Då får du 30 + 3 = 33. Legg du for eksempel tre kongar, skal du ikkje leggje til noko kort, for du har alt 10 i alle bunkane. Summen av dei tre kongane er 10 + 10 + 10 = 30. Legg du til dei tre korta som du la ned til å begynne med, får du 30 + 3 = 33. Du treng altså å vite kort nr. 33.

I starten snudde du 26 kort og la dei undst i bunken. Det 33. kortet ligg ein stad i den bunken du snudde i starten, altså kort nr. 33 – 26 = 7. Det betyr at det einaste du treng å hugse, er kort nr. 7 i starten av trikset.

Lærarrettleiing

Sjå filmen med elevane. La dei arbeide i par og finne ut korleis trikset fungerer.

Ressursen er utviklet av NRICH

9