Læreplankoblet

Tel blyantar og pennar

Aktivitet

Sjå på desse bileta:

Thumbnail

Prøv å gjette så rett som mogleg kor mange blyantar eller pennar du ser på kvart bilete.

Kva var metoden du brukte?

Er det andre måtar å gjere det på?

Er det ein måte å gjere det på som fungerer best? Kvifor det?

 

Starthjelp

 

  • Sjå for deg at du deler blyantane i grupper på 10.

  • I staden for å gjette eit nøyaktig tal, kan du gjette at talet er mellom to tal, til dømes at det er mellom 50 og 60 blyantar og pennar. (Dette er eit døme, men ikkje riktg løysing!)

  • Kva er mest nøyaktig, «mellom 40 og 60» eller «mellom 50 og 55»? Kvifor?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten er designa for å støtte elevane i å lære å anslå i grupper på 10.
Elevane vil få høve til å diskutere ulike svar og vurdere ulike strategiar.

Mogleg tilnærming

Tøm ei eske med blyantar på golvet, og spør klassen korleis dei kan finne ut kor mange det er. Dette er eit godt høve til å snakke med ein partnar, og det er sannsynleg at dei aller fleste vil diskutere teljestrategiar på dette stadiet.

Etter kvart som elevane deler ideane sine, kan du be dei om å tenkje over kor lang tid framgangsmåtane vil ta. Du må kanskje rote til haugen med blyantar eller leggje til fleire blyantar før du utfordrar elevane til å finne ut kor mange det er på relativt kort tid.

Blyantane kan også skjulast og deretter blir vist ei kort stund før dei blir igjen skjulte. Kva oppdagar klassen? Teljestrategiar kan gi nøyaktige svar, men dei tek også lang tid.

Si til elevane at du ikkje treng å vite nøyaktig kor mange det er, men at eit godt anslag held. Be dei om å diskutere korleis dei vil gå fram med ein samarbeidspartnar. Test deretter ut strategiane deira etter å ha vist fram haugen med blyantar ei kort stund. Samanfatt ideane som kjem fram, og #styr samtalen mot ideen om å gruppere blyantane i grupper på 10.

Blyantane kan deretter visast igjen, og klassen kan utfordrast til å estimere talet ved å bruke grupper på 10. Samanfatt svara, og forklar at dei utgjer eit spenn av moglege løysingar.

Bileta frå oppgåva finst på ein PDF her.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Korleis kom du fram til svaret ditt?

  • Så du for deg at du delte blyantane i grupper på 10?

  • Er det nokon som brukte ein annan strategi?

  • Kor mange trur du at det er?

  • Er alle samde?

  • Kva kan vere det minste moglege talet? Og det største moglege talet?

Mogleg utviding

Du kan vise elevane bileta under og utfordre dei til å gruppere og anslå kor mange blyantar det er. 
Tips: høgreklikk - "opn i ny fane" for å vise eitt bilete om gongen.

Thumbnail

 

Thumbnail

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8