Læreplankoblet

Kort i konvoluttar

Stikkord: Tallkombinasjoner

Aktivitet

Tala 0–9 er skrivne på ti kort og fordelt på fem konvoluttar slik at det er to kort i kvar konvolutt. Summen av dei to korta er skrivne utanpå kvar konvolutt:

Thumbnail

Kva tal kan vere i konvolutten som det står 8 på?

Starthjelp

  • På kva måtar går det an å lage dei tala som står utanpå konvoluttane?

  • Kva tal har færrast mogleg kombinasjonar? Det kan vere lurt å byrje med den ene konvolutten, og deretter sjå på kva som er mogleg for dei andre konvoluttane.

Løysing

Løysing 1

4 + 3 = 7

8 + 0 = 8

7 + 6 = 13

9 + 5 = 14

1 + 2 = 3
 

Løysing 2

2 + 5 = 7

1 + 7 = 8

9 + 4 = 13

8 + 6 = 14

0 + 3 = 3

Lærarrettleiing

Kvirfor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva gir elevane høve til å arbeide systematisk, og dei kan oppmodast til å forklare og grunngi korleis dei har resonnert.

Mogleg tilnærming

Gjer elevane kjent med konteksten for oppgåva. Bruk kort med tala 0–5, legg 0 og 1 i ein konvolutt, og skriv summen utanpå (eller bruk ein post-it-lapp på konvolutten). Legg 3 og 5 i ein annan konvolutt, og skriv summen utanpå. Forklar at dei to siste korta også skal leggjast i ein konvolutt. Kva vil summen vere for den siste konvolutten? Korleis veit elevane det?

Prøv igjen, framleis med 0 og 5 i ein konvolutt med summen utanpå. Legg deretter to kort i neste konvolutt, men utan å vise elevane kva kort du la oppi. Skriv totalsummen utanpå konvolutten. Gjer det same med den tredje konvolutten. (Du kan til dømes leggje 1 og 3 saman og 2 og 4 saman.) Spør elevane kva tal som ligg i dei ulike konvoluttane. Korleis veit dei det?

Prøv igjen, framleis med 0 og 5 saman, men si at du vil plassere dei andre korta slik at tala utanpå dei to siste konvoluttane blir like. Korleis kan ein få til det?

For kvart steg kan elevane arbeide parvis med å prøve ut ulike idear.

Hald fram slik og bygg gradvis opp vanskegrada. Fokuser heile tida på resonneringa til elevane. Du kan gå over til å bruke fire konvoluttar og tala 0–7. Skriv 5, 11, 8 og 4 utanpå konvoluttane. Korleis kan korta fordelast slik at summane stemmer? Den siste utfordringa kan vere å bruke oppgåva som ho er, med alle tala frå 0 til 9 og fem konvoluttar.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva konvolutt skal vi sjå på først? Kvifor det?

  • Kva kan vere i denne konvolutten?

  • Er det nokre tal som absolutt ikkje kan vere i denne konvolutten? Kvifor det?

  • Finst det andre løysingar?

Mogleg utviding

Elevane kan lage liknande oppgåver sjølv og prøve dei ut på kvarandre.

Mogleg støtte

Det kan vere til god hjelp for mange elevar å ha kort med tal tilgjengeleg når dei skal arbeide med oppgåva. Då blir det lettare å teste ut idear.

Ressursen er utviklet av NRICH

8