Læreplankoblet

Stillinga til pause

Aktivitet

Thumbnail

Då Spania spelte hockeykamp mot Belgia i den innleiande runden for menn i dei olympiske leikane i 2008, vart sluttresultatet 4–2.

Thumbnail

Kva kan stillinga ha vore til pause?
Kan du finne alle moglege stillingar til pause?
Korleis kan du vere sikker på at du har fått med alle moglegheitene?

 

I hockeyfinalen for menn i dei olympiske leikane i 2000 møttest Nederland og Korea. Sluttresultatet vart uavgjort, 3–3.

Thumbnail

Kan du finne alle moglege stillingar til pause i denne kampen?

 

Starthjelp

 

  • Kva kan stillinga ha vore viss Spania ikkje skåra nokre mål før pause?

  • Kva kan stillinga ha vore viss Spania skåra eitt mål før pause?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva inviterer elevane til å utvikle systematiske måtar å arbeid på, og ho passar godt til diskusjon i par, i små grupper og i plenum. For nokre elevar vil det å ha ein sportskontekst vere motiverande.

Mogleg tilnærming

Du kan sjølvsagt introdusere oppgåva med resultata frå ein lokal kamp i staden for resultat frå dei olympiske leikane. Det kan bidra til å engasjere elevane i større grad.

Uansett kva kontekst du vel å bruke, kan du starte med å be elevane gjette kva stillinga kan ha vore til pause. Skriv opp nokre av forslaga, og be deretter elevane om å prøve å finne alle moglegheitene. Gi dei tid til å arbeide i par, og sjå etter elevar som arbeider på ein systematisk måte.

Stopp elevane etter ei stund, og ta ein liten diskusjon i plenum. Spør korleis dei går fram for å vere sikre på at dei får med alle moglegheitene. Du kan be nokre par om å dele framgangsmåten sin med resten av klassen.

Det kan vere nyttig at elevane skriv kvar moglegheit på ein eigen lapp – til hjelp i seinare diskusjonar.

Gi elevane meir tid til å arbeide med oppgåva, og ta opp igjen diskusjonen i plenum etter ei stund. Du kan spørje kvart par om kor mange moglege stillingar dei trur det er. Det er lite sannsynleg at alle er samde, og derfor er det nyttig at dei ulike stillingane er skrivne på kvar sin lapp. Då kan elevane samanlikne lappane og setje dei i rekkjefølgje. På den måten byrjar dei å sjå eit system, og manglande stillingar vil fort bli oppdaga.

Du kan utfordre elevane til å arbeide på same måte med kampen som enda 3–3. Etter erfaringa med 4–2-kampen vil dei gå til verks med større tryggleik.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Korleis veit du at dette kan ha vore stillinga til pause?

  • Korleis kan du vere sikker på at du har funne alle moglegheitene?

  • Korleis ville det ha vore viss sluttstillinga var uavgjord?

Mogleg utviding

Du kan stille dette spørsmålet: «Viss det er 24 moglege stillingar til pause, kva kan sluttstillinga ha vore?”

Mogleg støtte

For nokre elevar kan det vere greitt å byrje med kampar med færre mål, til dømes 0–1, 1–0 eller 1–1. Då er det færre høve til pausestillinga.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8