Vi sorterer dominobrikker

Aktivitet

Her ser du nokre dominobrikker:

Thumbnail

 

Sorter brikkene i to grupper. Legg saman prikkane på brikkene. Lag ei gruppe med brikker som har oddetal tal på prikkar, og ei gruppe som har partal tal på prikkar.

Har du nokon dominobrikker til overs?
Kvifor eller kvifor ikkje?

No skal du setje dominobrikkene saman i par. Kvart par skal ha 5 prikkar til saman.
Kor mange par greier du å lage?
Kva dominobrikker blir til overs?

Kan du setje saman dominobrikkene i par på ein annan måte, men slik at dei framleis har 5 prikkar til saman?
Kva dominobrikker blir til overs?

Er det nokon dominobrikker som alltid blir til overs?
Kan du forklare kvifor?

 

Starthjelp

  • Bruk dominobrikker, eller lag nokre dominobrikker av papir når du arbeider med oppgåvene.

  • Har du talt prikka til alle dominobrikkene?

  • Kan du tenkje deg nokre talpar som til saman blir 5?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten kan bidra til at elevane blir betre kjent med omgrepa oddetal og partal, og kva par som dannar 5. Aktiviteten legg også opp til at elevane må argumentere for løysingane sine.

Mogleg tilnærming

La elevane arbeide i par, helst med ekte dominobrikker. Viss du ikkje har det tilgjengeleg, kan dei skrivast ut frå kopioriginalen i menyen til venstre.

Spørsmål som kan få elevane i gang, kan vere:

  • Korleis kan du sortere dominobrikkene?

  • Kan du lage eit mønster?

  • Kan du lage ein slange med brikkene?

  • Ser du eit mønster?

Målet er å få elevane til å sortere ut dei brikkene som kan brukast til å lage par med 5 prikkar til saman, og deretter setje dei saman. Når elevane set saman brikkene i par, kan det føre til mange meiningsfulle diskusjonar som gir dei erfaring med matematisk argumentasjon.

Oppmuntre elevane til å finne alle måtane ein kan setje saman dominopar med 5 prikkar på. Elevpara kan komme fram til ulike løysingar, og ved å byte om på elevpara kan elevane vise kvarandre nye løysingar. Ein annan måte er å halde fram med same elevpar og utfordre dei til å finne så mange løysingar som mogleg. Å stille spørsmålet: «Har de funne alle måtane, og korleis kan de vere sikre på det?» i etterkant er viktig for at elevane skal utvikle matematisk argumentasjon.

I plenum er det viktig å leggje vekt på forklaringar, og elevane må derfor i stor grad oppmodast til å grunngi løysingane sine. Ei slik vektlegging kan bidra til at dei byrjar å utvikle forståing av bevis.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kan du tenkje deg to tal som til saman blir 5?

  • Har du talt eller lagt saman alle prikkane på kvar dominobrikke?

  • Kva dominobrikke kan du leggje til denne (pek på ei brikke) så dei til saman får 5 prikkar?

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8